Er det lov å si det? Eg prøvar:
GRATULERA MED DAGEN JEANETT!
Trodde du eg hadde gløymt deg? Neida. Eg er berre ekstremt treg.
For å gjere opp for tregheta mi skriver eg denne bloggen i staden for ein kort fjesbok-melding.
Håper du har det bra i Oslo, staden som eg saknar utroleg mykje. Eg saknar deg. Og alle andre.
Hugsar du floga i brødet på Rust? Eg saknar Rust. Eg hadde spist den floga om eg kunne vore der med deg og gjengen i kveld.
Alle dei cafébesøk vi har vore på: Brød og aioli på Rust, enkel latte (på lett) på Blings (aldri i verda om eg kan seie noko sånt her i barteby haha), sjokoladescones på United Bakeries, Café Europa, Tullin, og ikkje minst Strudel!
Også hadde vi ein super utflukt til Anne på lande' med søte lam!
Eg gløymar heller aldri alle dei gongene vi har spist grønnsakssuppe med pølse og hvitauksbaguattar.
Konsertane med Brandi Carlile og Sie Gubba (eg vet du likte det :D)
Det er ein ting som eg ikkje fekk tid til som eg gjerne skulle gjort. Eg var på veg til å samle ein heiagjeng til deg, som skulle komme på overraskningsbesøk under ein av håndballkampane dine. Det ble det aldri noke av, men høyr med Rune, han skulle være med :)
Eg håper vi treffast altfor fort. Til da må du kose deg masse i tigerby, så skal eg kose meg i barteby.
Og igjen: Gratulera med Dagen som var 5. oktober. Dagen med stor D. STORD! Du er den beste av alle Stord-væringar. Da vet du det :)
Klem frå Vibe